BRANNVERNVEKE

Barnehagen har hatt tema brannvern.

I brannvernvekene har barna blitt kjent med brannbamsen Bjørnis i samlingsstundene. Brannbamsen har fått vore med på mykje spennande.  Brannslangen vart tatt ut og både Løvetanna og Blåklokka fekk prøve å slokke "brann" på uteområdet. Brann har vore tema både i samlingane og i leik. Felles kjennskap til emnet gir inspirasjon til mykje fin rolleleik.

Vi har leika med brannstasjonen og brannbilane. Vi har hatt formingsaktivitetar og laga eigne brannbilar. Vi har lært mange nye songar som "Sjå det brenner", "Jeg er en liten brannmann" og "Bjørnissongen" 

Vi har lært nødnummer og blitt kjent med rutinane om brannalarmen går. Under brannøvinga evakuerte vi barnehagen på 2,25 minutt! Her går det raskt unna!  

 

På Solsikka har dei vore på tur til brannstasjonen. Der vart dei tatt godt imot av brannsjef Inge og fekk komme inn og sjå både brannbilar og redningsbåt.