ENDRING I BETALINGSSATSANE AUGUST 2022
ENDRING I BETALINGSSATSANE
Stortinget har vedteke at det skal innførast nye maksimalprisar for barn i barnehage
frå 01.08.2022
Stranda kommune har gjort vedtak i kommunestyret om å følgje dei nye satsane.
Tusenfryd barnehage fyljer dei kommunale satsane.
100% (5 dagar) |
Kr. 3050.- |
80% (4 dagar) |
Kr. 2590.- |
60% (3 dagar) |
Kr. 2045.- |
Det er 11 betalingsmånader i eit barnehageår. (Juli er betalingsfri)
Søskenmoderasjon:
30% reduksjon på barn nr.2 i barnehage
50% reduksjon frå barn nr. 3 i barnehage
Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling.
Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldninga (inntekt lavere enn 607 750.- frå 01.01.22), skal familien etter søknad til Stranda kommune ha ein redusert pris. Ein kan sende søknad via Stranda kommune si nettside.
Gratis kjernetid (20 t/v) for 2, 3, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bor i hushaldningar med lav inntekt. Desse har etter søknad rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen per veke. Inntektsgrensa er frå 01.08.22 på kr. 598 825.-
Ordninga gjeld både private og kommunale barnehagar. Kommunen har ansvaret.
Matpengar kjem i tillegg til foreldrebetalinga. Satsen blir årleg indeksjustert i august:
Pris pr. mnd. frå 1.aug.2022 |
Kr. 446.- |
Matpengar skal dekke alle utgifter til mat, drikke, bursdagsfeiringar, festar med meir. Pr. i dag dekker ikkje matpengane lønn til kjøkkenassistent, sjølv om dette er ei stilling som kjem i tillegg til lovpålagt ordinær bemanning. Vi i Tusenfryd tenker at denne ekstra ressursen er viktig for kvaliteten på matserveringa, og ei avlastning for avdelingane slik at pedagogisk personalet får meir tid til arbeid med barna. Luksusen med å ha eigen kjøkkenassistent er difor noko vi vel å dekke gjennom driftsbudsjettet så lenge vi har økonomi til det.