Barnehagen vår

Tusenfryd Barnehage er ein foreldreeigd barnehage med 3 avdelingar. Barnehagen er godkjend for 72 plassar, for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg trygt og fint til i eit byggefelt i Langlo 3, med utsikt over Storfjorden. Vi har gode turforhold og kort veg til naturleikeplassar.

Tusenfryd vart bygd i 1995 og gjennomførte i 2010 ei omfattande rehabilitering av eksisterande bygg, samt utvida med eit nytt tilbygg som inneheld leike- og opphaldsrom, administrasjon og nytt personalareal

.

T

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I dei seinare åra har også uteområdet gradvis blitt fornya, men planane for for uteområdet er ikkje ferdig gjennomført. Så vi har meir å glede oss til. I tillegg har vi inngått avtale med velforeninga i feltet. Barnehagen disponerer difor også leikeplassen rett over vegen. Vi skal sette opp nytt gjerde der og investere i nye leikeapparat.  

 

 

 

Foto i teksten: Raw Reklame og foto.