Jul

I slutten av november og begynnelsen av desember startar forventningane inn mot jul å ta seg opp. I Tusenfryd har vi mange tradisjonar knytt til denne høgtida.

Vi lagar mellom anna julegåver, pyntar juletre, syng gamle og nye julesonga, bakar julemanna og pepperkaker. 

Nissefest: Kvart år har vi ein nissefest for barna og personalet på dagtid. Den som vil kan kle seg ut som nissar eller kle seg i raudt. Vi et graut og har gang rundt juletreet. Dei vaksne har som oftast ei framsyning for barna. 

Luciafrokost: Rundt den 13 desember, som er luciadagen, inviterer vi føresette til frokost i barnehagen. Då serverer vi lussekattar og godt pålegg. Barna har på seg kvite kapper, går i luciatog og førskulebarna har lys i håret. 

Barnehagegudsteneste:  Ein føremiddag i desember tek vi buss til kirka. Der møter vi andre barnehagebar frå Stranda tettstad og syng julesongar for kvarandre. Presten fortel den kristne juefortellinga.

Julekino: Vi ser ein julefilm på storskjerm saman, på tvers av avdelingane.

Julemiddag:  Maria tilbereder ein stor julemiddag for alle avdelingane. Solikka og Løvetanna lagar langbord mellom avdelingane. Nokre av barna hjelper til med middagslaging, andre dekker bord og pyntar. Dei som vil får ta på seg finklè denne dagen.