Matglede

Måltidet som ein pedagogisk arena Eit sunt kosthald og gode smaksopplevingar er viktig for både store og små - både i barnehagen og heime. I Tusenfryd har vi tre måltider per dag og det seier seg sjølv at dette då er ein stor del av barnehagekvardagen for dei små. Det er difor ein viktig arena for å skape matglede og fellesskap. I den nye Rammeplanen for barnehagen har mat og måltid også fått ein tydelegare plass enn før. Dette kan nok vere eit resultat av at det dei siste åra har vore eit større fokus på maten som barna har med eller får servert i barnehagen.



I Tusenfryd er vi heldig som har eigen "kokk" i 70% stilling. Maria tilbereder varierte og fristande måltider frå grunnen av. Ho er opptatt av å bruke råvarer knytt til pedagogiske tema på dei ulike gruppene, mat knytt til høgtider og årstider. Dette er i tråd med satsinga vår på variert og sunt kosthold, og ei heilheitstenking i høve kognitiv utvikling, fysisk aktivitet og eit sunt, variert kosthold.

Kvar veke vert det servert minst to- tre varme måltid. Det eine varme måltidet består av næringsrike supper laga fra grunnen av, til dømes purre og brokkolisuppe, brenneslesuppe, fiskesuppe og liknande. Det andre varme måltidel inneheld varierte middagsrettar. Som mellommåltid midt på dag varierer det mellom anna med smoothies, ulike grauttypar, knekkebrød, frukt og grønsaker. 

Bursdagar vert feira med bursdagskrone og song. I tillegg får barnet velge kva som skal etast i "selskapet" sitt. Dei kan velge mellom t.d. fruktsalat med vaniljekesam, fruktspyd eller smoothie og andre fruktkreasjonar som Maria lagar. Barnehagen kjøper inn og tilbereder det som trengs til bursdagsfeiring.


 

 https://www.blogger.com/blogger.g?blogID=4520374241189126616#editor/target=post;postID=1496077054247044487;onPublishedMenu=allposts;onClosedMenu=allposts;postNum=7;src=postname