Fysisk aktivitet og uteliv

Rammeplanen for barnehagar framhever barnehagen si rolle i det å legge til rette for at barn skal få oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse. Vi som arbeider i Tusenfryd meiner dette er så viktig at vi bør ha eit ekstra stort fokus på dette i kvardagen.

Vi støtter oss til teoriar om at fysisk aktivitet og ei god fysisk helse verkar posistivt inn på mennesket si psykiske helse. Vi vil difor ha fysisk aktivitet og uteliv som satsingsområde, og ser det i samanheng med fokuset vi samtidig har på trygg tilknytning og eit sundt og næringsrikt kosthald. 

Fysisk aktivitet er viktig for barn og unge si helse. Vidare veit vi at utvikling av god og sunn livsstil i barneåra er viktig for god helse i vaksen alder. 

Vi vil at barna skal få oppleve glede og meistring, samt velvære og positiv livsutfalding gjennom deltaking i fysisk aktivitet både ute i barnehagen og på turar i naturen. Leik og fysisk aktivitet i indianerskogen vår skal vere eit naturleg alternativ gjennom heile barnehageåret. Turar i naturen trur vi bidreg til styrka felleskapskjensle og auka sosial kompetanse

 

Både inne i barnehagen, ute og på tur skal barna inkluderast i aktivitetar der dei kan vere i bevegelse, leik og sosialsamhandling og oppleve utfordringar, motivasjon, mestring og glede ut frå sine føresetnader. Vi skal bidra til at barna blir kjent med kroppen sin og utviklar eit medvit om eigne og andre sine grenser.