Forutsuppe og solidaritetsveker

Barna på Solsikka har gjennom barneaksjonen til forut lært om andre kulturar og om barn i andre delar av verda.

I fleire veker har vi fått ta del i livet til fem år gamle Sivatas og familien hans på Sri Lanka. Vi har høyrt spennande historier om kvardagliv og fest. Ikkje minst var det spennande å høyre og sjå film frå den store elefantparaden  i Colombo. Der fekk Sivatas gå fremst i paraden fordi Mamma til Sivatas hadde sydd den flotte drakta til elefanten Yanay. Dette var ein stor draum som gjekk i oppfyllelse for Sivatas. 

Det var veldig kjekt når vi fekk lære sangen og dansen "Elefantparaden". Vi øvde og øvde- for den ville vi synge til foreldra på Forutsuppefesten. 

Ein dag såg vi film om korleis dei lagar te på store teplantasjar på Sri Lanka. Den dagen satt vi på golvet og smakte indisk te. Det var veldig rart :-) 

Ellers har vi smakt på mat som Sivatas et på Sri Lanka, vi har teikna og måla bileter, dansa og lært nye sanger. 

Ein dag lærte vi om barns rettigheter som gjeld for alle barn i heile verda. 

Heile Solidaritetsopplegget vart avslutta med stor Forutsuppe- fest i Tusenfryd. Alle vart invitert til å komme å kjøpe middag i barnehagen. Barna brukte mykje tid til å forberede og lage grønsaksuppe i lag med dei vaksne. Store mengder med grønsaker og pølser vart kutta opp og hatt i store suppegryter. Alle som ville fekk hjelpe til. Nokre foreldre baka gode kaker som vi også kunne selge. Til saman solgte vi suppe, kake og kaffi for over 4000.- kroner. Desse har vi no sent til Forut, slik at vi kan hjelpe barn i andre land som ikkje har pengar til mat, klede, skule og barnehage.  

Vi takkar alle som kom til Forutsuppe-festen  for deira bidrag!