Vi sov i hengekøyer i skogen vår!

Vi er så heldige at vi har Indianerskogen vår i nærområdet vårt! Endelig kom den etterlengta varmen og sommeren er på vei. Og da byr det på nye opplevingar ute for denne fine gjengen gjengen på Løvetanna. Vi var i skogen, og sov i hengekøyer! Ei veldig spennande og ny oppleving for fleire av 2-3 åringane våre. Og åtte av dei sov utrulig godt omgitt av barnelatter, elvesus og fulglekvitter. Kunne dagen bli betre??

 

På Løvetanna har vi no meir fokus på uteliv i barnehagen. Både gjennom satsingsområde som i år har vore "Fysisk aktivitet og uteliv" og gjennom å ha det som eit eige tema no inne på avdelinga. Vi skal ha ein fast turdag i veka framover der vi brukar Indianerskogen vår oftare i tillegg til andre turar i nærområdet. 

Rammeplanen legg vekt på at at barna skal oppleve glede og mestring samt velvære og positiv livsutfalding gjennom deltaking i fysisk aktivitet både ute i barnehagen og på turar i nærområdet. Leik og fysisk aktivitet i indianerskogen vår er eit naturleg alternativ gjennom barnehageåret. Turar i naturen styrka fellesskapskjensla og auka sosial kompetanse. 

Det var mange spente små ansikt som satte kursen mot Indianerskogen denne dagen, vi hadde pakka sekkane med mat og utstyr for ein heil dag. Og kanskje det mest spennande av alt, hengekøyene! 
Dei minste som har behov for å sove skulle få sove i hengekøyer denne dagen...

Det var første gong denne våren vi skulle sove i hengekøye med 2-3 åringane våre, og det kunne ikkje gått betre. Ein etter ein la dei seg ned i hengekøyene, litt spente på kva som venta dei. Og etter ei lita stund sovna den eine etter den andre. Magisk og fint øyeblikk!

 

Vi opplever at barna knytter andre band og relasjonar til kvarandre når dei er på slike turar, dei finn kvarandre på andre måtar enn innanfor barnehageområdet. 

Zipline bana, båten, tipien, gjørme "elva", dissa og klatrenettet vart flittig brukt!

 

Vi måtte teste ut korleis det kunne vere å ligge i desse hengekøyene, vi fekk sitte litt i dei mens vi leika oss. Og litt etter mellommåltidet vårt var dei klare for å sove i dei. 

«Gjørmeelva" er noko av det mest spennande vi kan finne i skogen! Det å kunne få utforske konsistens av mold og vatn, og kva blir den perfekte blandinga? 

 

Vi hadde med oss skiver og frukt denne dagen, men vi vil også lage mat på bålplassen vår framover. Men denne gangen var det stor stas å kunne få bestille seg litt mat i resturanten til Randi. 

 

Ein super flott dag som vi gler oss til å gjenta i vekene framover! 

Takk for no skogen vår!