FRÅ JORD TIL BORD

Dei aller fleste som skal anlegge ein kompostbinge, plasserer dennne i ein utkant av tomta, gjerne litt skjult bak andre vakre plantar og buskar. Slik er det ikkje i barnehagen vår.! Her er komposten sentralt plassert ved inngangspartiet vårt, slik at det skal vere lett å sjå og følge med på det spennande som skjer der.

Komposten er eit kjempespennande naturfagsprosjekt. Kvar dag vert restar og skrell av frukt og grønnsaker samla i matavfallsbøtta bør vi ber det ut i kompostbingen vår. Barna heng ofte over kanten og grev med pinnar for å finne småkryp, undersøke og undre seg over prosessen i kompostbingen. 


Her kan vi følge med på nedbrytingsprosessen gjennom veggen av pleksiglas, og vi finn både makkar, edderkoppar, skrukketroll, skrukketroll, biller og tusenbeinar. 

 

🐞🐌🕷🍅🍉🐝🐜🐛🍀🥬🐞🐜🐛🍏🥦🥕🧅🐛🦟🕷🐝🐌🍀🐞🐜🥕🍏🍅🐌🐞🐜🐛🥦🍀🕷🐞🐜

 

Det er bra og viktig for barna å sjå og lære om kretsløpet av energi og næringsstoffer, for å sjå korleis matavfall kan bli til jord og lærer å dyrke den jorda. Vi gler oss til hausten, då gulrøtter, poteter, purre og andre grønsaker skal brukast i grønsaksuppa vår. 

 

 

På denne måten erfarer barna korleis våre matrestar vert omdanna til matjord som vi igjen kan bruke når vi skal dyrke ny salat og nye grønsaker i drivhuset vårt og plantekassene.

 

I dag tilberedt Maria eit deilig sommer-festbord til oss. På bordet sto det mellom anna sjølvdyrke salat og tomatar. Maten smakar ekstra godt når vi har vore med på å dyrke den sjølv.