"Trygg tilknytning og psykisk helse"
Barnehagen er ein unik arena for å fremje psykisk helse. Vi trur det er viktig å sjå på barnehagen i psykologisk perspektiv. ikkje berre eit pedagogisk og eit utdanningsperspektiv. Dersom vi har høg kvalitet på arbeidet med å sikre ei trygg tilknytning, kan vi bidra positivt til barna si psykiske utvikling den tida dei er i Tusenfryd.
Gjennom dette utviklingsarbeidet vil vi i personalet ha eit ekstra stort fokus på å tilegne oss ny kunnskap og bygge vidare på vår kunnskap om det å etablere gode relasjonar mellom barn og vaksne. Kurs, etterutdanning og sertifisering innan dette emnet vert prioritert. Vi benytter teorien rundt "circle of security" som grunnlag for arbeidet vårt.
For dei minste barna er kvalitet einstydande med deira høve til å danne ein eller fleire sekundære tilknytningsrelasjonar, slik at stress vert redusert og tryggleik etablert. Gjennom dette fokuset skal vi hjelpe barna til å lære om seg sjølv, sin egenverdi, kva følelse det har, korleis det kan vere saman med andre og korleis det kan arbeide for å mestre nye ting.
Tyggleik oppstår når ein blir tatt på alvor. Med emosjonell tryggleik meinar vi indre ro og fåver av indre stress og ubehag.
Barnet si hjerne er ikkje ferdig utvikla, og barnet forstår seg sjølv og verda der ute langt dårlegare enn vaksne. Dei vert lett overvelda og forvirra av mykje inntrykk, og kan difor lett kjenne indre uro. Om tilknytningspersonen (foreldre eller personalet) er nær barna og viser forståing for deira kjensler og opplevingar, meiner vi at dei igjen vil føle seg trygg og kjenne ro.
https://vimeo.com/circleofsecurity/being-with-and-shark-music