Solidaritetsveker

Barneaksjonen til Forut er et pedagogisk opplegg for barnehager, barneskoler og SFO, der barn i Norge lærer om barn i andre land. Dei eldste barna i Tusenfryd er med på dette opplegget eit par veker kvar oktober månad.

 

Gjennom arbeidet med dette temaet ønsker vi at barna skal lære om andre kulturar og om korleis barn   har det i andre kantar av verda. Vi ønsker å skape nyskjerrigheit og engasjement gjennom å møte jamnaldrande og gjennom det å bygge toleranse, omsorg og empati. Barneaksjonen fokuserer ikkje på nød og elenigheit, men presenterar barn med ressurser, evner og ambisjonar. 

På samme tid bidreg barna til å hjelpe andre barn. Dei skaffar inntekter ved å selge grønsaksuppe til familiane sine. Ei praktisk solidaritetshandling for barn som ikkje  har samme muligheit som dei sjølve. Vi meiner dette er ei viktig læring og oppleving av handling til beste for medmennesker.