SPRÅK ER MYKJE MEIR ENN BERRE PRAT

Ein dag i barnehagen består av utallige kvardagssituasjonar der barna kan bruke språket aktivt, og eit godt språkstimulerande miljø er prega av at personalet brukar språket i samspel med barna heile dagen. Dei vaksne sin innsats er viktig, og dei er språkmodellar for barna

Personalet skal legge til rette for språkleg samhandling barna i mellom. Rundt matbordet går for eksempel samtalen mellom barna og dei vaksne, og i leiken brukar barna språket når dei kommuniserer med kvarandre. I garderoba brukar dei vaksne og barna namn på klede og snakkar om det dei gjer, og dei snakkar saman om felles opplevingar eller om noko som skal skje seinare på dagen. Det meste og viktigaste av språkstimuleringsarbeidet i barnehagen skjer gjennom slike kvardagsaktivitetar, og ulike innfallsvinklar og metoder kan vere eigna til å engasjere barna i språklege aktivitetar. 

Arbeidet med språk må vere systematisk

Arbeidet med språk i barnehagen skal vere kunnskapsbasert, reflektert, planlagt, begrunna, organisert, målretta og heilheitleg. Personalet skal ha eit reflektert blikk på den pedagogiske praksisen vår og medvitet rundt språkstimulering. Slk skal vi utvikle ny kunnskap og styrke kvaliteten på arbeidet. Pedagogisk og didaktisk refleksjon og samarbeid blir viktig, og personalet må tilpasse innsatsen og tilrettelegge språkarbeidet ut fra både enkeltbarn og barnegruppas behov. 

I Tusenfryd har vi fokus på

  • språkutviklande samtalar
  • språkutviklande fortellingar
  • bruk av språk i barna sine aktivitetar og opplevingar
  • språklæring gjennom leik
  • bøker og språkleg bearbeiding av innhaldet
  • arbeid med ord og omgrepsforståing
  • språkleg medvit og skriftspråkstimulering