Trygg tilknytning- med fokus på ASK

Ask (alternativ supplerande kommunikasjon) er bruk av støtte til talespråket. Dette kan vere både i form av bilete og teikn til tale. I Tusenfryd ønsker vi at det skal vere naturleg å bruke ASK både for barn og vaksne. Slik kan vi hjelpe barna til lettare å kunne uttrykke seg.

 

 

Barnehagen er ein unik arena for å fremje psykisk helse. I Tusenfryd ser vi på barnehagen i eit pedagogisk utdanningsperspektiv og i eit psykologisk perspektiv. Høg kvalitet på arbeidet med på å sikre trygg tilknyting, og kan bidra til barna si psykologiske utvikling den tida dei er i Tusenfryd. Dei siste åra har personalet tileigna seg kunnskap basert på nyare forsking om det å etablere gode relasjonar mellom barn og vaksne. Kurs, etterutdanning og sertifisering innan dette emnet vert framleis prioritert. Det vil i tillegg bli tilbod om foreldrekurs i «Circle of Security» (COS) hausten 2021. Barnehagen har sertifiserte kurshaldarar.

For små barn er kvalitet einstydande med moglegheita til å danne ein eller fleire sekundære tilknytingsrelasjonar, slik at stress vert redusert og tryggleik etablert. Gjennom dette fokuset hjelper vi barna til å lære om seg sjølv, sin eigenverdi, kva kjensler det har, korleis det kan vere saman med andre og korleis det kan meistre nye ting.

Tryggleik oppstår når ein blir forstått og tatt på alvor. For små barn kan dette til dømes dreie seg om at dei vaksne anerkjenner barnets gråt. Hos barn som ikkje har språk må gråten alltid tolkast og settast ord på. Ifølge tilknytingsperspektivet må gråt sjåast på som ein dialog- åtferd. Ifølge John Bowlby hjelper gråten barnet med å etablere og oppretthalde banda mellom barnet og omsorgspersonen.

Kommunikasjon gir oss moglegheiter til å uttrykke eigne ønsker og behov, utvikle sosial kontakt, utveksle informasjon og synspunkt. Ved å kommunisere kan vi nå personlege mål knytt til dagleglivet. Kommunikasjon mellom menneske kan også skje sjølv om ein person ikkje har til hensikt å kommunisere. Gjennom måten vi oppfører oss på, kroppsspråk og gestar kan vi både bevisst og ubevisst formidle korleis vi har det og kva vi vil.

Personalet brukar alternativ supplerande kommunikasjon (ASK) i samspel med alle barna i barnehagen. Personalet vekslar mellom bildestøtte og teiknstøtte. Bildestøtte skal vere tilgjengeleg slik at barna sjølv kan velje å hente/bruke bilde for å uttrykke seg.