Karnevalet er ein stor happening i barnehagen. Mange barn har kostymer liggande som dei berre venter på ei anledning til å få bruke. Når det er karnevalsdag står stemninga i taket og det er mykje "fart" og lyd. Vi har fellesaktivitetar på tvers av avdelingane med disco og servering av fastelavnsbollar og felles leikar som potetløp, sette hale på grisen lakrissnøreeting mm. Så går alle til sine grupper for å slå på katta. Vi avslutter dagen med leik ute. For nokon av barna blir slike dagar overveldande og stressande. Då lagar vi alternative opplegg og meir skjerma aktivitet saman med ein vaksen på nokre av romma.