NYTT HOPPEROM ER SÅÅ KJEKT!!

Gjett om det er kjekt med nytt hopperom!! Vi hoppar og hoppar- og med dei nye skumputene er det enda kjekkare!

Inne på det nye hopperommet har vi fått enda fleire puter. Med 33 skumputer med forskjellige former og i herlege fargar kan vi no bygge og konstruere både tårn, slott og løvehuler! Dette bidrar til mykje spennende leik og motorisk trening. 

Det er høgt lydnivå og det blir både latter og tårer. Men sooo kjekt!! Med litt trøst og kos, og ein våt kjølande klut på ein og anna blåkul, er barna i gang igjen...