MENGDE, ROM OG FORM

Rammeplan for barnehager sine fem fagområder er fagområder som har interesse og egenverdi for barn i barnehagealder, og som skal bidra til å fremme trivsel, allsidig utvikling og helse. Vi ser alle fagområda i sammenheng og dei er ein gjennomgåande del av det pedagogiske innholdet.

Matematikk i barnehagen handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar og hjelper barna til å forstå samanhengar i naturen, samfunnet og universet. Barnehagen skal synleggjere samanhengar og legge til rette for at barna kan utforske og oppdage matematikk i daglegliv, i teknologi, natur, kunst og kultur og ved sjølv å være kreative og skapande. Arbeid med fagområdet skal stimulere barna si undring, nysgjerrigheit og motivasjon for problemløysing.

Dette kan til dømes vere barnet som hjelper til med å dekke bordet, barnet som oppdagar at han og venen har lik bleie på seg, barnet som oppdagar at barnehagen ser annleis ut frå toppen av klatrestativet, barna som spekulerer kring kva som skjer om ingen menneske døyr, eller barnet som lurer på om det er nok kakao på termosen til alle barna på avdelinga. Barna har behov for matematikk i kvardagen sin. Matematikk i barnehagen handlar ikkje om å gjere barnet klar for matematikklæring på skulen. Matematikk i barnehagen har ein stor verdi i seg sjølv, då den skapar balanse, samanhengar og orden i tilverelsen.

Fagområdet omfattar leikande og undersøkande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling. Det handlar også om å stille spørsmål, resonnere, argumentere og søke løysingar.

Gjennom arbeid med mengde, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

  • oppdagar og undrar seg over matematiske samanhengar
  • utviklar forståing for grunnleggande matematiske omgrep
  • leiker og eksperimenterar med tal, mengde og teljing og får røynsle med ulike måtar å uttrykke dette på
  • erfarer storleikar i sine omgivnadar og samanliknar desse
  • brukar kroppen og sansane for å utvikle romforståing
  • undersøker og gjenkjenner eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • undersøker og får erfaring med løysing av matematiske problem og opplever matematikkglede

Personalet skal

  • bruke matematiske omgrep reflektert og aktivt i kvardagen
  • bruke bøker, spel, musikk, digitale verktøy, naturmaterialar, leiker og utstyr for å inspirere barna til matematisk tenking
  • styrke barna sin nysgjerrighet, matematikkglede og interesse for matematiske samanhengar med utgangspunkt i barna si uttrykksform
  • legge til rette for matematiske erfaringar gjennom å berike barna sin leik og kvardag med matematiske idear og utdjupande samtalar
  • stimulere og støtte barna sine evner og uthald i problemløysing